Ny nettbutikk for våre avtalekundar.

Ny nettbutikk!

Her finn du oppdatert brukardokumentasjon!

Ved Emil Horstad
Oppdatert: (19.9.2013)

BRUKARINFO NETTBUTIKK

På nettsida vår finn du Nettbutikk i menylinja oppe.

Logg inn med brukarnamn og passord som du får frå oss.

 

Produktsøk:

Her tilrår vi å søke ”motsett” av talemåten, for eksempel  1620555 for dimensjon 205/55R16

Skråstrek og bokstavar er ikkje med i varenummeret. Ein ser ikkje varenummer i bildet, men søker likevel på det. Her må ein berre prøve seg fram.

Bak dimensjon kjem eit siffer for dekktype:

1 – Sommardekk personbil (Vidare kjem hastigheitskode og nærare identifikasjon)

2 -  Piggdekk personbil

3 -  Piggfritt personbil

 

6 -  Varebil sommar

7 -  Varebil piggdekk

8 -  Varebil piggfritt

 

Eksempelsøk:

16205553        - gir alle piggfrie personbildekk i 205/55R16

Alle prisar i butikken er bruttoprisar (fakturagrunnlagsprisar). Rabatten vert trekt frå seinare.

Rabatten kjem opp i butikken. Ein ser både bruttopris (med strek over) og nettopris etter rabatt.
Fargekodar for lagerbehaldning:    Raud=ingen behaldning     Gul=Færre enn fire på lager     Grøn=Fire eller fleire på lager

I nokre tilfelle er der ikkje innlagt rabatt på vara. Då vil den bli trekt frå seinare!

Alt er nok ikkje heilt perfekt endå, men vi jobbar med saka!

LUKKE TIL!

Førde Vulk AS



Print artikkel Skriv ut artikkelen