Om oss

Førde Vulk blei etablert i 1949 av Berge Selvik. Vi er i dag 21 fast tilsette og har ca. 67 mill. i årleg omsetnad. Vårt inntektsgrunnlag er sal av dekk og dekkrelaterte produkt til alle typar køyretøy. Samla disponerer vi eit areal på omlag 4300 m2 med moderne kontor, lager og verkstad. Meir enn 10 000 dekk på lager fortel litt om breidda i utvalet.

Førde Vulk leverer dekk og felg til personbil, varebil, lastebil, buss, motorsykkel og landbruks- og industrimaskiner.

Av dekkmerke fører vi: Michelin, Nokian, Bridgestone, Firestone, Continental, Minerva m.fl.

VÅRE OPNINGSTIDER
Måndag - Fredag        7.30 - 16.30                                        
Laurdag                       9.30 - 14.00

Vakttelefon utanfor opningstida:  +47 917 10 012