Dekkhotell



Vi tilbyr dekkhotell til våre kundar. Her leverer vi alle tenester knytt til hjulskift og oppbevaring.

Skift
Hjulskift vert utført raskt med moderne verktøy som trekkjer til hjulmutrar med rett moment. Du slepp skade på felgar og hjulboltar. Med rett moment vert mutrane enkle å skru laus, også med handkraft.

Oppbevaring
Lagring av dekk under rette forhold er viktig. Med dekkhotell slepp du å bere tunge dekk, og du kan bruke lagerplassen heime til andre viktige ting.

Vask
Vask av dekk og felgar før lagring gjer at dekka held seg betre. Vi reingjer dekka grundig før lagring.

Kontroll
Dekk- og felgkontroll er eit viktig sikringstiltak. Vi sjekkar at mønsterdjupna er tilstrekkeleg. Dersom dekk bør bytast, får du beskjed.